mozart123home.jpg
repertoire.jpg
musikerne.jpg
nynorskens-hus.jpg
tickets.jpg
kontakt.jpg
_MG_7677.jpg
mozart123home.jpg

OM


 

MOZART PÅ 123

10.–12. NOVEMBER 2017

 

Ein festival arrangert av

engegårdkvartetten og nynorskens hus med vener

 

 

VI BYR PÅ TRE DAGAR MED DET BESTE VI VEIT: WOLFGANG AMADEUS MOZART. INTERNASJONALT ANERKJENTE KLASSISKE MUSIKARAR MØTER FOLKEMUSIKARAR, DANSARAR, AKADEMIKARAR OG STUDENTAR I EIN FESTIVAL SOM OMFAMNAR SCENE, TEKST, SAMTALE, DANS OG SJØLVSAGT MUSIKK.

 

FESTIVALENS HEIM: NYNORSKENS HUS, OSLO.

KONSERTEN SØNDAG KL. 19 ER I UNIVERSITETETS AULA

 

FÅ MED DEG HEILE HELGA MED FESTIVALPASS FOR BERRE 700 KRONER.

kjøp billettar her

 

 

 

 

 

 

 

SCROLL DOWN

OM


 

MOZART PÅ 123

10.–12. NOVEMBER 2017

 

Ein festival arrangert av

engegårdkvartetten og nynorskens hus med vener

 

 

VI BYR PÅ TRE DAGAR MED DET BESTE VI VEIT: WOLFGANG AMADEUS MOZART. INTERNASJONALT ANERKJENTE KLASSISKE MUSIKARAR MØTER FOLKEMUSIKARAR, DANSARAR, AKADEMIKARAR OG STUDENTAR I EIN FESTIVAL SOM OMFAMNAR SCENE, TEKST, SAMTALE, DANS OG SJØLVSAGT MUSIKK.

 

FESTIVALENS HEIM: NYNORSKENS HUS, OSLO.

KONSERTEN SØNDAG KL. 19 ER I UNIVERSITETETS AULA

 

FÅ MED DEG HEILE HELGA MED FESTIVALPASS FOR BERRE 700 KRONER.

kjøp billettar her

 

 

 

 

 

 

 

repertoire.jpg

PROGRAM


PROGRAM

PROGRAM


PROGRAM

HEILE FESTIVALEN ER PÅ NYNORSKENS HUS, BORTSETT FRÅ MOZART 3, SOM ER I UNIVERSITETETS AULA.

FREDAG 10. NOVEMBER 2017

MOZART 1: kl. 18:30–21:00

Allegro di molto frå Divertimento i B-dur KV 137 – Engegårdkvartetten
"Min Kjærlighet for Mozart" ved Kjell Hillveg
Menuett frå KV 156 med ein ung kvartett frå Nordberg Strykeorkester og Den mangfaldige scenen
Velkomsttaler
Das Veilchen KV 476, Der Zauberer KV 472, Sei Du Mein Trost KV 391 og Sehnsucht nach dem Fruhling KV 596 (Kom mai, du skjønne milde) – Eir Inderhaug og Christian Ihle Hadland

PAUSE

Fantasia i d-moll KV 397 –  Christian Ihle Hadland
"KV 1" –  Knut Erik Sundquist og Christian Ihle Hadland
Strykekvintett i g-moll KV 516 – Engegårdkvartetten og Michael Grolid

PAUSE

Adagio og Fuge i c-moll KV 456 – Oslo Camerata
Klaverkonsert i A-dur KV 414 – Martin Roscoe og Oslo Camerata


LAURDAG 11. NOVEMBER 2017

LAURDAGS-KAFÉKONSERT: KL. 12:00–13:30

Allegro frå Eine Kleine Nachtmusikk i G-dur KV 525 – Nordberg Strykeorkester
"Mozart og Mytane" ved Gunnar Sæther
Klaversonate i F-dur KV 332 – Martin Roscoe
Strykekvintett i C-dur KV 515 – Engegårdkvartetten og  Henninge Landaas

MOZART 2: kl. 15:00–16:30

Strykekvartett i C-dur, "Dissonanskvartetten"  KV 465 – Engegårdkvartetten
Klaversonate i B-dur KV 333 – Christian Ihle Hadland
Divertimento i D-dur KV 205 – Arvid Engegård, Juliet Jopling, Knut Erik Sundquist, Maksim Semenov og Rune Brodahl

BALL: kl. 18:00–01:00

Ei scenekunstframsyning i regi av Morten Espeland og Erlend Samnøen. Dansefest med kontradans, polonesar, vals, Tryllefløyten og Leopold Mozarts Leketøysymfonien. Dansemeister: Vegar Vårdal

Med Oslo Camerata, Storbygard, Den mangfaldige scenen, Nordberg Strykeorkester, Songlaget i BUL, Blåne, Leikarringen i BUL, Bærum Bal selskap og publikum!

SØNDAG 12. NOVEMBER 2017

SØNDAGS-KAFÉKONSERT: KL 16:00–17:30

Kegelstatt Trio KV 498 med Martin Roscoe, Leif Arne Pedersen og Juliet Jopling
Leopold Mozarts ”Gründliche Violinschule” – Morten Carlsen med Nordberg Strykeorkester og Den mangfaldige scenen
"Mozart og Oplysningstida" ved Morten Carlsen
Divertimento i D-dur  KV 334 – Arvid Engegård, Alex Robson, Michael Grolid, Knut Erik Sundquist, Maksim Semenov og Rune Brodahl


MOZART 3: kl 19:00–21:00 i UNIVERSITETETS AULA

Divertimento i F-dur KV 138 – Oslo Camerata
Rondo i A dur KV 386 – Christian Ihle Hadland og Oslo Camerata
Arier frå Figaros Bryllup og Don Giovanni – Eir Inderhaug og Oslo Camerata; med Kjell Hillveg
Kontredans KV 123 – Oslo Camerata
Symfoni i A-dur KV 201 – Oslo Camerata

 

FÅ MED DEG HEILE HELGA MED FESTIVALPASS FOR BERRE 700,-!

musikerne.jpg

MUSIKERNE


MUSIKARAr og iscenesetjarar

MUSIKERNE


MUSIKARAr og iscenesetjarar

Engegårdkvartetten

Engegårdkvartetten såg dagens lys under midnattssola i Lofoten i 2006. Raskt blei dette kammermusikk-ensemblet eitt av dei mest ettertrakta i Noreg. Kvartetten er kjent internasjonalt for sine mange modige og frisketolkingar av det klassiske repertoaret. Samtidig legg dei vekt på å markere sitt skandinaviske opphav. Engegårdkvartettens debut- CD blei utgitt i 2008. Plata blei hylla som Noregs beste klassiske utgjeving i følge Kjell Hillveg. For denne plata fekk Engegårdkvartetten også strålande internasjonale meldingar, mellom anna «The playing is breathtaking» i «The Strad», og «First rate quartet playing» i «International Record Review».

Deira andre utgjeving blei tildelt «Supersonic Award» av musikkmagasinet «Pizzicato». I januar 2016 blei deira seinaste CD sloppe med suksess. Denne plata inneheld verk av nordiske meistrar som Grieg, Sibelius og Olav Anton Thommessen. Utgjevinga haustar velfortent anerkjenning: «Her har vi truleg fått den tolkninga som Grieg-elskarar har venta på», seier den engelske nestoren Tully Potter i International Music Web».

Engegårdkvartetten er aktive med si konsertverksemd i Norden og i utlandet. Europas finaste konsertlokale er gjesta, som Mozarteum i Salzburg, og Rudolfinum i Praha. Viktige festivalar har også fått oppleve deira speleglede som på SoNoRo Festivalen i Bukarest, St. Magnus International Festival i Orkney, samt i Tsjekkia, Sveits, Tyskland og Sør- Amerika. Mellom anna har Engegårdkvartetten vore så heldige å få spele med Leif Ove Andsnes, Christian Ihle Hadland, Emma Johnson og András Schiff. Kvartetten trivest også i selskapet med folkemusikaren Nils Økland og skodespelaren Bjørn Sundquist. Våren 2017 hadde dei eit fargerikt samarbeid med jazz-fiolinisten Ola Kvernberg.

Engegårdkvartetten blir støtta av Norsk Kulturråd.

CHRISTIAN IHLE HADLAND – PIANO

Christian Ihle Hadland (1983) er ein av Noregs mest spennande pianistar. Etter solodebuten i Den Norske Opera i 2008 vart han hylla i norsk presse som «ein unik musikar som kunstnarisk sett kan fylle kvar og ein av verdas konsertscenar.» Christian Ihle Hadland er fødd i Stavanger i 1983, og fekk sine første pianotimar i ein alder av åtte. Då han var elleve år fekk han plass ved Rogaland Musikkonservatorium, og i 1999 byrja han å ta timar med professor Jiri Hlinka, både privat og ved Barratt Dues Musikkinstitutt i Oslo. Christian gjorde sin norske debut med Kringkastingsorkesteret 15 år gamal, og har sidan spelt med alle dei norske orkestera. Han har hatt ein rekke profilerte solistoppdrag med Oslo Filharmoniske Orkester, og har også spelt med utanlandske orkester som til dømes Sveriges Radios Symfoniorkester, Stockholm Filharmoniske Orkester, Danmarks Radioorkester, BBC Philharmonic og BBC Symphony Orchestra.

Christian er allereie svært ettertrakta både som soloartist og som kammermusikar, og har opptredd fleire gonger på prestisjetunge scener og festivalar som Wigmore Hall, Risør Kammermusikkfest, Schleswig Holstein Music Festival og Kissinger Sommer. Sidan 2004 har han dukka opp årleg på Festspillene i Bergen både med solo recitals og i kammerensemble, kor han har samarbeida med profilerte artistar som Janine Jansen, Henning Kraggerud, Lars Anders Tomter, Tabea Zimmermann, Clemens Hagen, Christian Poltera og Truls Mørk.

I 2006 blei han invitert til å akkompagnere Renée Fleming under den årlege Nobels Fredspriskonserten i Oslo som nådde ut til eit globalt publikum på mange millionar gjennom TV-sendingar. Christian ga ut sitt debut-soloalbum i april 2010 for Simax Classics. Denne innspelinga inneheld verk av Chopin og Schumann på deira 200 års jubileum, og har vakt stor interesse og fått mange svært gode meldingar. I 2012 ga Hadland ut Mozarts klaverkonserter nr. 21 og 22 med Oslo Filharmoniske Orkester, til strålende mottaking. I 2015 fekk han Spellemannprisen for si innspeling av Griegs Holberg Suite. Saman med Henning Kraggerud har Christian også gjort en svært vellykka innspeling av Christian Sinding sine verk for fiolin og klaver på Naxos. Christian har også samarbeida med songaren Isa Katharina Gericke i 2009 omkring ei innspeling av songerinna Eva Nansens arbeid, kalla «Til Eva».

I 2009 fekk Christian Ihle Hadland Statoil-prisen for unge klassiske artistar, og same år blei han kunstnarisk leiar for Stavanger Kammermusikkfestival samen med Martin Fröst. I 2011 blei Ihle Hadland utvald til det prestisjetunge New Generation Artists progam på BBC Radio 3.

MARTIN ROSCOE – PIANO

With an extraordinary career spanning over 4 decades, Martin Roscoe is unarguably one of the UK’s best loved pianists. With a repertoire of over 100 concertos performed or recorded Martin works regularly with many of the UK’s leading orchestras, having especially close links with the BBC Philharmonic Orchestra, BBC National Orchestra of Wales, BBC Scottish Symphony Orchestra, Hallé, Manchester Camerata, Northern Chamber Orchestra and with the Royal Liverpool Philharmonic Orchestra, where he has had over ninety performances. Martin has worked with many eminent conductors, including performances with Sir Simon Rattle, Sir Mark Elder and Christoph von Dohnányi.

An equally prolific recitalist, Martin has also performed regularly across Europe, the Far East, Australasia and South Africa. His chamber music partnerships include long-standing associations with Peter Donohoe, Tasmin Little and the Endellion and Maggini Quartets as well as more recent collaborations with such artists as Jennifer Pike, Ashley Wass, Matthew Trusler and the Brodsky and Vertavo Quartets.

Having had over 500 broadcasts, including seven BBC Prom appearances, Martin is one of the most regularly played pianists on BBC Radio 3. Martin has also made many commercial recordings for labels such as Hyperion, Chandos and Naxos. Martin is in the process of recording the complete Beethoven piano sonatas for the Deux-Elles label. The first three discs have been released to unanimous critical acclaim. The second disc includes the Waldstein Sonata, and was proclaimed on BBC Radio 3 as “one of the truly great recordings of the Waldstein Sonata”

Martin lives in the beautiful English Lake District. Being in this wonderful place provides inspiration and relaxation, and also enables him to indulge his passions for the countryside and hillwalking.

EIR INDERHAUG – SOPRANO

Operasongar Eir Inderhaug kjem frå Stavanger og har si utdanning frå Rogaland Musikkonservatorium, Opera Akademiet i København og Solistklasse ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium. Ho starta tidleg sin karriere då ho vann NRKs «Talentiaden» i 1991. Ho har sunge med dei fleste av Norges symfoniorkester og har turnert med Rikskonsertane, Riksteatret og Det Kongelige Teater i København kor ho debuterte som Barbarina i Figaros bryllaup i 1999. Same år song ho hovudrolla som Giulia i Rossinis Silkestigen ved Malmö Musikkteater.

Sesongen 2002–03 var ho fast engasjert ved Operaen i Nürnberg, og frå 2003 til 2005 ved Deutsche Oper am Rhein, kor ho song rolla som Blonde i "Bortførelsen", Adele i «Flaggermusen» og Ännchen i «Freischütz». Ho gjesta også operaen i Bremen og Den Anden opera i København. Eir har vore med i Les Misserables ved Trøndelag Teater, ved Gøteborgsoperaen i roller som Fiakermilli i «Arabella» og Blonde i «Bortførelsen» av Mozart. I 2008 song ho på Bayerische Statsoper i München rollen Autonoe i «Die Bassariden» av Henze. Ho turnerte også Noreg rundt med Riksteaterførestillinga «Kom ikkje med heile Sanningi» om Olav H. Hauge. Vidare har ho mellom anna sunge Adele i «Flaggermusen» ved Gøteborgsoperaen og Pamina frå «Tryllefløyten» iDalhalla; Iphis i Händels «Jephtha» ved det Kongelige Teater i København; tittelrolla i «Teskjekjerringa» med Nordnorsk Opera.

I 2001 fekk Eir Shell-prisen og Shells oppfølgingsstipend i 2002. Eir er i Noreg kjent for si tolking av Gudrun i Spelet om Heilage Olav (Stiklestad-spelet). Denne rolla har ho gjort i 14 år og fekk Stiklestad-prisen for sin innsats. Sommaren 2006, 2007 og 2008 var ho å sjå som Solveig i Peer Gynt på Gålå. Ho har også spelt Kristin Lavransdatter og er kjent for sin tolking av Haugtussa. Eir ble i 2003 kåra til Rikskonsertane sin Intro-musikar og har medverka på fleire av Norges musikkfestivalar. I 2008 hausta ho mange flotte kritikkar for sine prestasjonar under Risør kammermusikkfestival.

KNUT ERIK SUNDQUIST – Kontrabass

Knut Erik Sundquist (fødd 23. oktober 1961 i Tromsø) er ein norsk musikar (kontrabass), internasjonalt kjent som ein av dei fremste, og i seinare tid kjent som ein improviserande «standup-bassist».

Etter nokre år som jazzmusikar, studerte han i Wien. Seinare har han vore med i ulike klassiske orkester, som Bergen Filharmoniske Orkester (1986–89), Det Norske Kammerorkester, Norsk Barokkorkester, Ensemble Modern i Frankfurt am Main, Mahler Chamber Orchestra i Berlin, og Luzern Festival Orchestra.

Av grupper han har vore med i, kan Susanne Lundengs «Midnight sun trio» nemnast. Med musikarar som Martha Argerich, Claudio Abbado, Arvid Engegård og Leif Ove Andsnes turnerte han verda over. Han har vore engasjert av «Musikk i Finnmark» på tangoturné ́med Live Weider Ellefsen (piano), Anna Rostrup (klarinett) og Per Arne Glorvigen(bandoneon).

I 2006 fekk han Nordlysprisen, var med på Charlottesville kammerfestival 2006, Festspillene i Nord-Norge med Ola Bremnes, og på Nordland Musikkfestuke med pianisten Steinar Pedersen. Knut Erik bur i Harstad, og var 1993–2008 tilsett i Divisjonsmusikken, Forsvarets Musikkorps Nord-Norge, der han var løytnant. Nå er han førsteamanuensis ved musikkonservatoriet, Universitetet i Tromsø og i tillegg tilsett som landsdelsmusikar i Kultur i Troms.

LEIF ARNE PEDERSEN – KLARINETT

Leif Arne Pedersen has been the Oslo Philharmonic's Principal Clarinettist since 1990, and has received numerous mentions in the national and international press for his orchestral solos. Following studies with Knut Henriksen, Bendt Neuchs Sørensen in København and Larry Combs in Chicago, he worked for two years in the Army's Military Band, then won the position of Co-Principal Clarinet in the Bergen Philharmonic in 1987. He was appointed as Co-Principal Clarinet in the Oslo Philharmonic in 1988. In 1996 Leif Arne performed Rolf Wallins Concerto for Clarinet and Orchestra with the Oslo Philharmonic, and has been soloist with all of the main Norwegian orchestras. Pedersen has appeared in chamber music festivals in Europe, South America and Asia, taught at the Norwegian Academy of Music from 1991-2001, and was the Artistic Director of the Norwegian Naval Military Band from 2003-2008.

HENNINGE LANDAAS – BRATSJ

Henninge Landaas byrja å spele fiolin allereie i 3-års alderen ved den Kommunale Musikkskolen i Trondheim. Ho tok vidare si musikalske utdanning ved Trøndelag Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole, der ho studerte hos Bjarne Fiskum og Magnus Eriksson. Ho avla eksamen i 1996 med både fiolin og bratsj som hovudinstrument til høgaste utmerking. Henninge Landaas var medlem av TrondheimSolistene frå starten av i 1987 og verka både som solobratsjist og også som solist fleire gonger, mellom anna på turné i både Japan og England, og på ei CD-innspeling med musikk av Bertil Palmar Johansen. Vidare solistframsyningar har ho hatt med mellom andre Oslo Filharmoniske Orkester og Trondheim Symfoniorkester, og i mange år var ho solobratsjist i Det Norske Kammerorkester. Frå 1996 til 2000 var ho solobratsjist i Oslo Filharmoniske orkester. I 1994 blei ho medlem av Vertavo Strykekvartett, og har turnert med dei verda over og gjort ei rekkje innspelingar, slik som Brahms, Bartok, Nielsen, Schumann, Grieg og Debussy. Henninge Landaas spelar på ein J. B. Guadagnini bratsj, utlånt av Musica Dextra.

MICHAEL GROLID – BRATSJ

Michael Grolid (born in 1997) is from Ås in Norway, and has played the violin and viola since he was seven years old. He is currently studying at with Peter Herresthal at Barratt Due Music Institute. Michael was a finalist in the NRK Competition "Virtuos" in 2016, winning the Audience Prize. In addition to playing the viola, Michael composes, and in 2014 his Overture for Hardanger fiddle and Orchestra was performed by the Barratt Due Symphony Orchestra at the Norwegian Opera and Ballett.  Grolid has performed his own Viola Concerto with the Bergen Philharmonic Orchestra, Trondheim Symphony Orchestra and the Norwegian Radio Orchestra (KORK). In October 2016, the Oslo Philharmonic premiered "Fanfare",  a work they had commissioned from Michael Grolid. 

RUNE BRODAHL – HORN

Rune Brodahl er frå Sandnes og byrja å spele cello som 8-åring, men gjekk i tenåra over til horn som sitt instrument. Han tok utdanninga si ved Østlandets Musikkonservatorium i Oslo med Kjell Erik Arnesen i Oslo-filharmonien som lærar. Han fekk Shell-prisen i 1994, og året etter blei han tilknytt Operaorkestret, der han no er solohornist. Han har også vore solohornist i GöteborgsOperan og Finlands Nasjonalopera. Utanom arbeidet hans i Operaorkester er han ein aktiv kammermusikar. Mellom andre speler han jamleg med Det Norske Kammerorkester og Nordisk Brass Ensemble, og han har også medverka på plateinnspelingar. Rune Brodahl er ein av leiarane i
Musicians Bridge, ein organisasjon som jobbar med unge musikarar i Bolivia.

MAkSIM SEMENOV – HORN

Maksim blei fødd i 1988 i Novosibirsk, Russland. Han byrja å spele horn då han var 14 og fekk sin fyrste jobb i opera-kammerorkester ved Novosibirsk operaen då han var 17. I 2007 flytta Maksim Noreg for å studera på Norges Musikkhøyskolen med Frøydis Ree Wekre. I perioden 2012–2014 var han solo hornist i Danmarks Underholdnings Orkester og i 2015 fekk han både jobb som solohorn i Operaen i Oslo og fullførte studiet ved Norges Musikkhøyskole. Maksim har vunne prisar i internasjonale konkurransar, mellom andre Prague Spring International Horn Competition i 2013.

KJELL HILLVEG – CONCERT INTRODUCTIONS

Kjell Hillveg (fødd 3. mai 1943) er ein norsk musikkritikar, programleiar i radio, foredragshaldar og kjennar av klassisk musikk. Han arbeida til dagleg som leiar for den klassiske cd-avdelinga i Norsk Musikforlag i Oslo til det vart nedlagt i 2012. Samen med Stein Eide leia han radioprogrammet «Klar en klassiker» i NRK P2 og var også av og til å høyre som programleiar for ønskeprogrammet «Ring inn musikken» i denne kanalen.

Hillveg innleia si verksemd som musikkskribent i avisa Frisprog og gjekk sidan over til Aftenposten. Frå mai 2008 har han ei eiga spalte i Dagsavisen der han melder cd-utgjevingar av klassisk musikk. Kjell Hillveg har vore deltakar på det norske laget i TV-programmet Kontrapunkt og var med å vinne denne musikkspørjeleiken fire gonger. Han vart heidra med bransjeprisen under Spellemannprisen 2000. I 2008 vart Hillveg utnemna til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for sin innsats for formidling av klassisk musikk.

 

MORTEN CARLSEN – MOZART AND THE ENLIGHTENMENT; LEOPOLD MOZARTS SCHOOL OF VIOLIN PLAYING

Morten studied the viola with Hatto Beyerle at the Music Academy in Vienna (1976-1982). Following his studies, Morten enjoyed a career as principal viola in the  Orchester der Beethovenhalle, Bonn and Radiosinfonieorchester in Stuttgart (1984-1988). Back in Oslo, where he performed his debut solo recital in Oslo University's Aula in  1981, he won the position of Co-Principal in the Oslo Philharmonic Orchestra, (1988-1994). Morten Carlsen has played chamber music with leading European musicians (Thomas Brandis, Enrico Bronzi, Henning Kraggerud, Lars Anders Tomter among others) and has appeared as soloist with several Norwegian orchestras. Several composers have written works for him, including Wolfgang Plagge and Terje Bjorklund (who has written a wonderful Viola Concerto for Morten). He is a professor at the Norwegian Academy of Music where he also teaches violin, and gives lectures with related exercise books on topics such as practicing, musical interpretation and the development of talent. Carlsen has also taught at several other higher Norwegian music institutions. He has been a visiting professor at a number of foreign educational institutions, including regularly at the Universität der Künste, Vienna and Paris Conservatory. For years he visited also the Academy in Weimar.

GUNNAR SÆTHER – MYTHBUSTING MOZART

Gunnar is passionately involved in researching Mozart's life, in particular his final five years, and in uncovering the truth about this genius. 

OSLO CAMERATA

Oslo Camerata (OC) har sitt utspring i Barratt Due musikkinstitutt (BD) og er «Orchestra in Residence» ved instituttet. Orkesteret har frå starten i 1998 merka seg, ikkje minst gjennom hyppige utanlandsturnear til anerkjente festivalar og konsertsalar i ei rekkje land i Europa og India og Brasil. I Noreg har OC gjesta fleire festspel og festivalar, gjort turnear for Rikskonsertane og produksjonar for NRK TV, mellom anna Haydn cellokonsert med Truls Mørk som solist.

Kritikarar nasjonalt og internasjonalt framhevar ofte orkesteret sin energiske og friske spelestil kombinert med høgt teknisk og musikalsk nivå. Orkesteret består av profesjonelle musikarar og utvalde talent frå Barratt Due musikkinstitutt som gjennom dette får uvurderleg profesjonell erfaring i si studietid. Frå sesongen 15/16 knyta Oslo Camerata enda nærmare verksemda til instituttet mellom anna ved at framragande solistar med opphav frå BD-miljøet er leiarar og solistar med orkesteret. Med konsertserien «Live» i Gamle Logen i Oslo, har orkesteret skapt ein arena der unge musikarar speler med etablerte kunstnarar, og internasjonale toppsolistar. I denne serien inngår også «Ung Plattform», OC si satsing på unge musikarar. Her blir vinnaren av den årlege Solistkonkurransen presentert, og eit bestillingsverk av ein ung komponist får sin uroppføring. Orkesteret har samarbeida med solistar som Ivry Gitlis, Truls Mørk, Julian Rachlin, Misha Maisky, Henning Kraggerud, Arve Tellefsen og Ole Edvard Antonsen.

Oslo Camerata har gjort fleire innspelingar for Naxos, eit plateselskap med distribusjon i 130 land. Spellemannsnominerte Grieg – Holberg Suite (2006), Spohr Dobbelkonserter (2010) og Griegs to strykekvartettar og Arne Nordheims Rendezvous i strykeorkesterversjon (2012) har alle fått glimrande internasjonal omtale. Oslo Camerata har gjort innspelingar for dei nettbaserte selskapa ContraClassics (Schnittke Concerto Grosso i 2012) og Music in Motion (musikkfilmen Kreisler- Kraggerud i 2011), den siste også gitt ut som DVD på Naxos. Orkesteret blei i 2008 involvert i musikkprosjektet Aprendiz i Niteroi. Prosjektet omfatta undervisning, samspel og orkester for barn og unge frå favelaen. Oslo Cameratas engasjement i Aprendiz blei avslutta i 2014.

Fiolinisten Henning Kraggerud er knytt til orkesteret som fast gjesteleder. OSLO CAMERATA får stønad frå Norsk Kulturråd, Oslo Kommune og Dextra Musica.

VEGAR VÅRDAL – DANCE MASTER

Vegar er ein folkemusikar og dansar buset i Vågå i Gudbrandsdalen. Han speler både vanleg fele og hardingfele, og har i tillegg dansen som leveveg. Utdanninga er frå Norges Musikkhøgskole og folkedansestudium frå NTNU i Trondheim. Vegar vert karakterisert som ein energisk, leiken og allsidig musikar – og verkar innanfor eit breitt spekter. Vegar har markert seg som ein folkemusikar og folkedansar av rang, og har fått tittelen A-klasse på begge kunstformer i det norske folkemusikkmiljøet. I år fekk han Statens Kunstnarstipend og skal jobbe med å utvikle folkemusikken for eit publikum som ikkje er vant til slik musikk. Til landskappleiken 2016 skreiv han eit bestillingsverk, «Ikkje ver blug – Kyss meg», der han inkluderte amatørar og profesjonelle, dans og musikk.

Vegar speler i mange ulike konstellasjonar, og det er i alle genre frå jazz, til samtidsmusikk, pop og barokkmusikk. I 2015 var han ein del av Noregs bidrag til Veneziabiennalen som dansar og musikar i Camille Norment Trio, og deira bidrag Rapture. Denne konstellasjonen hadde på Festspillene i Bergen eit nytt prosjekt, Lull, og har fått fleire engasjement vidare. Kunstuttrykket Vegar bruker her er musikk i kombinasjon med dans. Han speler også med Barokk Boreal, med mellom andre folkesongaren Øyonn Groven Myhren, der dei dykkar ned i gamle manuskript frå Nasjonalbiblioteket og jobbar med framføringspraksis innanfor barokkmusikk og folkemusikk med dansen som rettesnor.

Våren 2017 har Vegar jobba med Indra Lorentzen for å sette opp ein ny soloframsyning basert på alle dei ulike folkemusikkdialektene i Norge. Dette er ei framsyning støtta av Innovasjon Norge. I tillegg til dette er Vegar ein allsidig artist som dei siste åra har vore med på prosjekt som «Avslutning», siste plata frå Ole Paus, «Østfolk», ei plate som tar for seg folkemusikken i Østfold. Han er kurator for danse- og barnescenen på Riksscenen i Oslo, og var produsent og regissør for nyproduksjonen av danseframsyninga «Kontraster» for Riksscenen. Han har også laget koreografiar til Stjernekamp. Vegar er også ein mykje brukt pedagog, og underviser fast på Norges Musikkhøgskole, landslinja for folkemusikk på Vinstra, Griegakademiet i Bergen/ Ole Bull-Akademiet.

MORTEN ESPELAND – koreograf

MORTEN Espeland graduated from the National Theatre School in  1998. He made his debut at The National Stage as Peter in Anne Frank. Espeland was "The Boy" in Den 25. timen, for which he was nominated for the Hedda Award in 1999. Morten was employed by the Norwegian Theatre from 1999 to 2011 where he performed (among others) Sganarell in Don Juan, Brother in Så blir det stilt, Klaus in Neverland, Alba in Don Carlos, Bidger in Verdas mest forelska par, and Karpati in Den arabiske natta.  Morten Espeland was awarded the Hedda Prize for best supporting role for Karpati in 2009. Espeland has also performed in Don Juan  – et nachspiel and Demoner 2014 at the National Theatre. 

ERLEND SAMNØEN – koreograf

Erlend Samnøen studied ballet at the National Ballet School from 1999-2002. His dance performances include: Bankerått (National Theatre), Lindås (Black Box Teater among others, created by Eirik Fauske) and Hamburger Allee (Black Box Teater, created by Henriette Pedersen). He has choreographed, among others: Verdas mest forelska par and Frank (The Norwegian Theatre), Spring AwakeningEt dukkehjemDen siste viking (Trøndelag Theatre) and Et spansk stykke (National Theatre). Erlend Samnøen has received the following scholarships: National Artists Scholarship in 2005 and 2007, and the Norwegian Dance and Choreographer's Scholarship in 2009. 

NORDBERG Strykeorkester

Nordberg Strykeorkester er eit nyetablert strykeorkester med individuell undervisning på Tåsen, Kringsjå og Korsvoll skoler på fiolin, bratsj, cello og bass. Dei har no ca. 90 medlemmer. Alderen på medlemmane er mellom 5 og 17 år. Lærarar og dirigentar er mellom landets mest profilerte musikarar og har også tilknyting til bydelen (t.d. Juliet Jopling, Øyvind Bjorå, Arvid Engegård, Mari Lerseth, Maren Nygård, Audun Hareide, Vivian Sunnarvik, Johanna Becker og Tiril Bengtsson). Det er drive av eit frivillig styre. Det er orkesterøvingar kvar veke for Juniororkesteret, Barneorkesteret og Ungdomsorkesteret, med konsertar ca. seks gonger i året. Orkesteret har kammermusikkseminar kvart semester for dei mest interesserte barna. Orkesteret er ein viktig del av livet på Nordberg, med regelmessige konsertar i Nordberg kyrkje og på dei tre skulane Tåsen, Kringsjå og Korsvoll.

DEN MANGFALDIGE SCENEN

Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne- og ungdomsteater der årleg 150 unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater. Teateret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gir kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar. Vi får fram nye uttrykk i møte mellom dei unge sine interesser og kulturarvar. Teateret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar. Lærarar i 2016 var Kai Johnsen, Bjørn Sundquist, Morten Espeland, Sarah Camille, Mette Karlsvik, Camara Joof, Liv Hege Skagestad, Ranveig Thon Bjørnestad, Morten Olaussen, Anders Nordhammer, Greg Riddell, Marius Nøkleberg, Mara Trana. Dei unge har øvingar kvar veke og seminar. Alt arbeidet fører til mindre framvisingar eller større produksjonar. DMS vann saman med Det Norske Teatret Norsk publikums sin publikumspris for 2016 og er vurdert at det danske kulturfondet som ei inspirasjonskjelde for dansk barneteater. DMS haustar stor suksess med framsyninga Pavlovs tispe (Joof/Johnsen) som i 2016/2017 spelast for 40 000 ungdom i Noreg og Norden. DMS er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag og har sin hovudscene i Nynorskens hus.

nynorskens-hus.jpg

NYNORSKENS HUS


nynorskens hus

NYNORSKENS HUS


nynorskens hus

NYNORSKENS HUS

Nynorskens hus blei opna i september 2014 og skal vere ein kulturarena i hovudstaden der ulike uttrykk møtast: teater, dans, musikk, språk, debatt, litteratur, handverk, design og forsking. Det skal vere ein arena for born, unge og vaksne, amatørar og profesjonelle. Det skal vere eit rom for å undersøke og formidle nynorsk kulturarv, skape nye uttrykk, bygge kunnskap og samhald. Huset skal vere ein aktør i utviklinga av Noreg, ein talarstol, ei scene for ulike stemmer. To av hovudsatsingane i tida framover er Jon Fosse sine tekstar og kammermusikk i ulike format. Nynorskens hus skal gi fleire tilgang til nynorsk språk.

NYNORSKENS HUS, ROSENKRANTZ' GATE 8, 0159 OSLO


«Vi er svært glade for samarbeidet med
Engegårdkvartetten og at Mozart på 123 finn stad i
og vil prege Nynorskens hus hausten 2017»

 

tickets.jpg

BILLETTER og PRAKTISK INFO


billettar og praktisk info

 

BILLETTER og PRAKTISK INFO


billettar og praktisk info

 

Opplev heile minifestivalen med Festivalpass for berre 700,-
Billettsal frå 1. september 2017

Kost og losji 

Hotell Bondeheimen tilbyr rabattert overnatting under Mozart på 123
Ta kontakt med Engegårdkvartetten for kodeord

Kaffistova held ope under heile minifestivalen og tilbyr Mozart-meny
Gjester på Hotell Bondeheimen og dei som har festivalpass får 20 % rabatt

I tillegg får dei som har festivalpass 10 % rabatt på varer hos Heimen Husfliden

Nynorskens hus, Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen husfliden er eit steinkast frå Stortinget t-banestasjon, midt i Oslo sentrum. 

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo
 

kontakt.jpg

KONTAKT


KONTAKT

KONTAKT


KONTAKT

Sarah C Aker

Produsent – Engegårdkvartetten
Mobil: +47 92261724
E-post: sarah (at) engegardquartet.com

www.engegardkvartetten.no

 

Kunstnerisk ansvarlege: Arvid Engegård og Juliet Jopling

Mobil: +47 41507981 eller +47 94402534
E-post: arvid (at) engegard.com eller post (at) engegardquartet.com

Kunstnerisk rådgjevar: Liv hege skagestad

Mobil: +47 48099709
E-post: liv.hege.skagestad (at) bul.no


Interessante lenkjer:
www.osloquartetseries.no
www.lofotenfestival.no

Websida er laga av www.blunderbuss.no

Foto Engegårdkvartetten: Espen Mortensen
Foto Nynorskens hus: Nynorskens hus

Følg Engegårdkvartetten på:

FACEBOOK

YOUTUBE

TWITTER

 

 

_MG_7677.jpg

STØTTESPILLERE OG SAMARBEIDSPARTNERE


STØTTESPeLarar OG SAMARBEIDS-PARTNERar

STØTTESPILLERE OG SAMARBEIDSPARTNERE


STØTTESPeLarar OG SAMARBEIDS-PARTNERar

STØTTESPELARAR

Engegårdkvartetten og Nynorskens hus er takknemleg til Bergesensstiftelsen, Norsk Kulturråd og Oslo Kommune for stønad til Mozart på 123. 

SAMARBEIDSPARTNERAR

Vi er veldig glad for å samarbeide med Oslo Camerata, Den mangfaldige scenen, Nordberg Strykeorkester, Universitet i Oslo, Songlaget i BUL, Blåne, Leikarringen i BUL og Bærum Bal selskap.